Varsel-side

Varsel-side

På denne sida finn du oppdaterte varslar og meldingar om til dømes stengingar, pågåande arbeid, tekniske feil, ekstremvêr-varsel.

Fredag 30. oktober 08:56

Asfaltering Torvmyrane

Her blir det asfaltering. Hallvard Bergmann

Tysdag 3. november vert det asfaltering i Torvmyrane. Det skal asfalterast frå innkøyringa til Vik Ørsta og opp til Tussa/Rufo. Arbeidet tek til kl. 08.15.

I samband med asfalteringa må ein rekne med noko ventetid, men i hovudsak vil eitt køyrefelt vere ope.

Har ein ærend i området vert det tilrådd å vere ute i god tid. Vis omsyn.

Når legevakta opnar kl. 15.30 vil vegen dit vere open for publikum.

Tysdag 20.10.2026 11.00

Testar klor i drikkevatnet frå Vikegeila vassverk

I slutten av denne veka startar Ørsta kommune ein testperiode med svak kloring av drikkevatnet frå Vikegeila vassverk. Testen gjeld vatnet til alle som er tilknytte vassverket.

Etter testperioden er planen å bruke svak kloring fast. Dette skal sikre god og trygg kvalitet på drikkevatnet og oppfylle krava frå Mattilsynet.

Meir informasjon kjem etter testperioden. 

Fredag 10.04.2026 

Sommaropen veg: Vatnedalen/Aldalen

Vegen Vatne–Hunnes (Aldalen) opnar fredag 10. april kl. 14.00, etter vinterstenging.

Torsdag 09.04.2026

Spyling av vassleidningar knytt til Vikegeila vassverk

Ørsta Kommune vil frå veke 16 starte opp arbeidet med systematisk spyling av det kommunale leidningsnettet for drikkevatn.

Dette gjelder abonnentar knytt til Vikegeila vassverk. Abonnentar i dei aktuelle områda vil få SMS-varsling seinast dagen før start av arbeidet i sitt område.

Meir informasjon i denne artikkelen.

Torsdag 07.08.2025 

Kloring av drikkevatn: Åmdalen 

Grunna sporadiske funn av uønskte bakteriar i drikkevatnet i område frå Høgebrua og fram til Bondalseidet har Ørsta kommune ei tid tilsett klor. 

Klor vert dosert i pumpestasjon ved Høgebrua. Derifrå vert vatnet distribuert vidare til Åmås, Legene, Åmbakk, Brautaset, og heilt til Bondalseidet.

Kvalitet på alt kommunalt drikkevatn vert kontinuerleg overvaka og kontrollert jamfør eigen plan for prøvetaking i samsvar med Drikkevassforskrifta. Etter at klordosering vart sett i gang har vi ikkje hatt avvik knytt til bakteriologisk kvalitet i forsyningsområdet.

Kommunen har motteke meldingar frå abonnentar i Åmdalen om klorlukt og -smak på vatnet levert frå kommunal vassforsyning. Restklor er mengde klor i vatnet etter desinfeksjon. Restklormengda, smak og lukt av vatnet, vil variere noko avhengig av mellom anna nærleik til doseringspunktet. Jamlege målingar av restklorverdiar syner at innhaldet er i nedre sjikt og innanfor krav i retningsliner frå Mattilsynet, uavhengig av prøvestad.

Kloring av drikkevatn i området vil halde fram til vi har funne årsak til forureining og sett i verk permanente tiltak.

Tysdag 29.10.2024 

Drikkevatnet for kommunale abonnementar frå Høgebrua og til og med Bondalseidet blir svak-klora då det er oppdaga bakteriar som kommunen ikkje har funne kjelda til. Kommunen jobbar kontinuerleg for å løyse problemet. Abonnementar blir oppdatert via SMS-varsling.

Tysdag 29.10.2024 

Bassenget i sentrum er stengt på ubestemt tid

Årsak er svikt i ventilasjonsanlegget og tilhøyrande kondensering. Fukt har metta takplater som risikerer å falle ned. Bassenget er stengt på ubestemt tid.


Nyttige lenkjer