Dette gjelder abonnentar knytt til Vikegeila vassverk. Abonnentar i dei aktuelle områda vil få SMS-varsling seinast dagen før start av arbeidet i sitt område.
Tidkrevjande
Arbeidet er tidkrevjande og ein må rekne med at dette vil vare heile gjennom sommaren/hausten. I periodar kan det vert opphald dersom vi ser at kvaliteten på vatnet eller andre omstende gjer at vi må stoppe, til dømes mykje farge, smak eller auke i kimtall. Dette må vi ha kontroll på før vi då går vidare.
Føremålet
Føremålet med tiltaket er å redusere biofilmbelegg i røra. Dette er naudsynt førebuing før det vert innført permanent kloring av drikkevatnet ved Vikegeila vassverk frå sommaren av. Reduksjon av biofilm/partiklar i røra vil bidra til at klor ikkje festar seg i vatnet og såleis ikkje gir smak eller lukt. Alt dette vert gjort for å levere eit trygt og godt vatn til alle abonnentar, betre vasskvaliteten og auke leveringstryggleik.
Kloring
Kloring av drikkevatnet frå Vikegeila vil verte gjort med ein veldig låg dose. I utgangspunktet skal det ikkje verte endring i smak eller lukt, men mogleg at nokon vil merke litt meir enn andre, særleg i starten. Vi vil ha kontinuerleg overvaking og prøvetaking for å sikre at vi er innanfor alle krav til ein kvar tid.
Tips
I samband med spyling av leidningsnett kan abonnentar i periodar oppleve:
- Misfarga vatn
- Redusert vass-trykk
- Kortvarige avbrot i vassleveransen
Dersom vatnet vert misfarga, tilrår vi å la kaldt vatn renne til det vert klart. Tapp så nær inntak i huset som mogleg, og helst før varmtvasstank slik ein ikkje får farga vatn i tanken, då vil det ta lenger tid og silar kan tette seg.
Vi bed om orsaking for eventuelle ulemper dette måtte medføre, og takkar for forståinga.