Kommunestyret og fylkestinget godkjende skisseprosjektet for Ørsta KKS i desember 2025. Etter det har prosjektet og administrasjonen i fylkeskommunen og kommunen jobba intensivt med å utarbeide konkurransegrunnlaget, som no er lyst ut som ein totalentreprise.
No vil forhåpentleg mange entreprenørar bruke dei komande månadane på å utarbeide anbod for dette store og viktige samarbeidsprosjektet for kommunen og fylkeskommunen.
Anbodsfristen er sett til 2. oktober 2026.
Store nytteverdiar
For Ørsta-samfunnet vil ny vidaregåande skule i same bygg som det nye kulturhuset i Ørsta gje store nytteverdiar innan utdanning, arbeidsliv, kulturliv, næring og sentrumsutvikling i eit generasjonsperspektiv.
Planlagd byggestart er november/desember 2026.
Relevante artiklar