Møtet samla eit engasjert publikum som viste stor interesse for prosjektet og stilte mange gode spørsmål.
Prosjektleiar Yngve Solemdal opna møtet med ei kort orientering om organiseringa av prosjektet, samarbeidspartnarar, plassering av bygga, i tillegg til prosess og framdrift. Deretter tok plankonsulent Henri Auer over og presenterte reguleringsprosessen, med vekt på planlagde fristar og milepælar for detaljreguleringa. Auer informerte også om ulike løysingar, moglegheitsrom og planmessige utfordringar.
Frå kommunen informerte Johnny S. Riise om korleis prosjektet vil påverke omgjevnadane. Han la vekt på kor viktig det er å sjå området sin heilskap. Realiseringa av ny vidaregåande skule og kulturhus vil skape nye (bevegelse)mønster i denne delen av sentrum mellom anna i høve trafikk, parkering, barn og unge, møteplassar m.v. I tillegg var eventuelle konsekvensar for nærliggande institusjonar som andre skular, barnehage, Ørsta idrettspark tema.
Publikum var aktivt med i diskusjonen, og sjølv om fleire kunne ha møtt opp, var dei frammøtte både interesserte og reflekterte. Spørsmåla dreia seg mellom anna om parkeringsløysingar, trafikkmønster, tryggleik for mjuke trafikkantar, universell utforming, Hotell Ivar Aasen og D-bygget (tidlegare husmorskulen).
Møtet viste at det er stort lokalt engasjement for prosjektet, og at mange ønskjer å bidra til at Ørsta KKS med skule og kulturhus blir eit godt og framtidsretta bygg for heile lokalsamfunnet.
Innspel
Vi minner om at planen ligg ute til offentleg ettersyn og at fristen for høyringsinnspel er 24. august 2025.
Offentleg ettersyn - ØKKS
Publikum var aktivt med i diskusjonen, og sjølv om fleire kunne ha møtt opp.
Johnny S. Riise
Illustrasjonsfoto frå planen. Sjå fleire skisser og illustrasjonar i høyringsdokumentet.