Alle som skal ha SFO skuleåret 2026–2027 må søkje på nytt

Alle som skal ha SFO skuleåret 2026–2027 må søkje på nytt

Bilde av to skulejenter som sit å skriv i ein bok. - Klikk for stort bilete Unsplash

Ørsta kommune arbeider med å revidere vedtektene for SFO. Blir dei nye vedtektene politisk vedtatt vil det bli færre plasstypar å velje mellom. 

På grunn av dette må alle som ønsker plass på SFO søkje på nytt, også dei som har plass frå før.

Forslaget inneber at ein går over til berre å tilby to plass-typar; heiltidsplass og deltidsplass. 

FFO: Born som har hatt FFO skuleåret 2025-2026 må også søkje kommunal SFO viss de ønsker det, samarbeidet med ØIL fotball er ikkje vedtatt vidareført.

Søknadsfristen er 1. april 2026.

Søk/vel ny plass i Vigilo

 

SFO-plasstypar *frå 01.08.2026 om politisk vedtatt

SFO-plasstypar NY 2026
Type plassTidspunktFerie-SFO
Heiltidsplass5 dagar i skuleveka20 dagar
Deltidsplass5 ettermiddagar i skuleveka6 dagar (fastsette datoar)

Opningstider for den einskilde skulen finn du på nettsidene til Ørstaskulen

Pris

SFO prisar - skuleår 2026/2027
Prisar SFO per månad:1.-3. klasse inkl. gratis*1.-3. klasse matpengar4. klasse ordinær4. klasse matpengar
Heiltidsplass2 020 kr340 kr4 650 kr340 kr
Deltidsplass0 kr170 kr2 740 kr170 kr
Kjøp av ein ekstra dag (per dag)360 krInkl. i prisen360 krInkl. i prisen

Gratisplass er inkludert i begge plassane for 1.–3. kl. 

Meir om plasstypane

Heiltidsplass
Deltidsplass