Ein av skulane i Ørsta; Velle skule.Prosess
Saka skal no handsamast politisk i levekårsutvalet, ungdomsrådet og kommunestyret.
Når kommunestyret gjer eit retningsval, går arbeidet over i fase 2. Her skal administrasjonen greie ut omsynet til barnets beste, samt pedagogiske, sosiale og lokalsamfunnsmessige konsekvensar.
I mars 2027 skal kommunestyret gjere vedtak som skal leggjast ut på ei brei offentleg høyring med to månaders frist. Elevar, foreldre, tilsette og innbyggjarar får då seie si meining før kommunestyret gjer endeleg vedtak i juni 2027.
Les artikkelen Framtidig skulestruktur i Ørsta: Kommunedirektøren tilrår å samle kreftene i tre sentrum og fase ut to barneskular.
Møte i levekårsutvalet 3. desember
Saksframlegg og vedlegg:
Møte i ungdomsrådet 7. desember (Sak kjem når innkallinga er sendt)
Møte i kommunestyret 10. desember (Sak kjem når innkallinga er sendt)