For å sikre langsiktig økonomisk berekraft tilrår kommunedirektøren at kommunestyret går vidare med å greie ut to konkrete hovudgrep: å avvikle Dalane skule og Hovden skule, og å samle alle ungdomsskuleelevane i kommunen på Ørsta ungdomsskule.
Saka følgjer opp kommunestyrevedtak KST-50/26 frå april 2026 og inneheld kunnskapsgrunnlag for ni alternativ. Tilrådinga er at kommunestyret i dette møtet vel kva alternativ administrasjonen skal detaljutgreie. I mars 2027 skal kommunestyret gjere vedtak som skal leggjast ut på høyring, før endeleg vedtak om endringar i skulekrinsgrensene i juni 2027.
Kva kommunedirektøren tilrår
Kommunedirektøren tilrår at følgjande hovudgrep vert lagde til grunn for det vidare utgreiingsarbeidet:
- Barneskulane (Alternativ 4): Dalane skule (1.–7. trinn) og Hovden skule (1.–7. trinn) vert lagde ned. Elevane frå Dalane vert overførte til Vikemarka skule, som igjen vert ein fullverdig 1.–7.-skule, medan elevane frå Hovden vert overførte til Velle skule.
- Ungdomstrinna (Alternativ 7): Ungdomstrinna (8.–10. trinn) ved Sæbø skule og Vartdal skule vert flytta til Ørsta ungdomsskule. Både Sæbø og Vartdal skular held fram som 1.–7.-skular.
- Betre utnytting av eksisterande bygg: Administrasjonen skal greie ut samlokalisering av Vaksenopplæringa og Flyktningtenesta i nedrebygget ved Hovden skule, samstundes som symjebassenget i kjellaren vert halde i drift. Ved Vartdal skule skal det greiast ut å samle 1.–7. trinn i SFO-bygget,
ungdomsskulebygget og VD-hallen, og sjå på moglegheita for å flytte Vartdal barnehage inn i det frigjorte barneskulebygget på 800 kvadratmeter.
Samla sett vil dette grepet gje Ørsta kommune 10,4 millionar kroner i årleg varig driftsinnsparing, redusere bemanninga med 12,05 årsverk, og kutte framtidige vedlikehaldskostnadar med 17,87 millionar kroner fram mot 2040 .
Kvifor er strukturendringar naudsynt?
Kunnskapsgrunnlaget peikar på fleire tungtvegande årsaker til at dagens skulestruktur ikkje let seg vidareføre:
Den generelle kommuneøkonomien
Ørsta står i ei alvorleg økonomisk krise med eit venta samla meirforbruk på om lag 65 millionar kroner i 2026. Renter og avdrag har auka frå 66 millionar kroner i 2022 til heile 159 millionar kroner i 2026. I budsjettframlegget for 2027 er det kravd ein reduksjon i det samla driftsnivået på om lag 83,8 millionar kroner. Utan varige strukturelle grep risikerer kommunen å bli verande lenge i ROBEK-registeret, og Statsforvaltaren har gjort det klart at Ørsta ikkje kan halde oppe eit tenestenivå som ikkje let seg finansiere.
Ørstaskulen driv allereie effektivt
KOSTRA-tala syner at Ørsta allereie driv skulane sine svært rimeleg samanlikna med andre kommunar, med ei netto driftsutgift per innbyggjar (6–15 år) på 124 577 kroner – lågare enn både Volda og fylkessnittet. Sidan Ørsta har mange små skular (snitt på 184 elevar mot 246 i samanliknbare kommunar), er det ikkje rom for meir ostehøvelkutt i den ordinære drifta. Innsparingar krev færre skulebygg og større driftseiningar.
Ingen skular er dårlege – ein formidabel innsats frå dei tilsette
Kommunedirektøren understrekar tydeleg at denne prosessen ikkje handlar om kvaliteten på skulane. Tilsette og leiarar i Ørstaskulen legg ned ein eineståande innsats for å skape trygge og gode læringsmiljø kvar einaste dag. Endringane er utelukkande drivne fram av den alvorlege økonomiske situasjonen i kommunen.
Eigedomsforvalting
Ørstaskulen har i dag ein stor og kostbar overkapasitet i bygningsmassen. Kommunen driftar 23,97 kvadratmeter per elev, noko som er 4 kvadratmeter meir enn snittet i samanliknbare kommunar. Dette utgjer 5 085 kvadratmeter ekstra
skulebygg som krev oppvarming, straum, reinhald og eit samla vedlikehaldsbehov på 97,2 millionar kroner fram mot 2040.
Demografiendringar og mangel på arbeidskraft
Fram mot 2050 vil befolkningsutviklinga endre Ørstasamfunnet fundamentalt. Talet på barn stuper, medan talet på eldre over 67 år aukar kraftig. Samstundes blir det færre personar i yrkesaktiv alder, noko som gjer at kommunen framover må vri arbeidskrafta meir over mot helse-, omsorg- og velferdssektoren.
Statleg omfordeling av midlar i inntektssystemet
Fordi det blir færre barn i kommunen, reduserer staten overføringane til skulesektoren. Mellom 2027 og 2036 fell det statleg utrekna inntektsgrunnlaget for grunnskulen i Ørsta med nesten 45,8 millionar kroner. Berre fram mot 2032 fell inntektsgrunnlaget med 26,5 millionar kroner. Sjølv når ein reknar inn den naturlege reduksjonen på om lag 7,37 lærarårsverk som følgje av 117 færre elevar, står grunnskulen att med eit udekka gap på 19,5 millionar kroner.
Kvifor akkurat denne løysinga?
Kommunedirektøren har lagt vekt på stordriftsfordelar og omsynet til lokalsamfunna. Tilrådinga inneber likevel avvegingar mellom desse omsyna:
- Skular fleire stader i kommunen: Tilrådinga sikrar at det framleis vert skular i dei tre sentruma i kommunen – på Vartdal, på Sæbø og i Ørsta sentrum.
- Plass til vekst og trygg trafikk i sentrum: Ved å satse på både Velle og Vikemarka i Ørsta sentrum beheld kommunen kapasitet for framtidig vekst og kan styre elevtala gjennom krinsgrenser. Samstundes unngår ein å samle endå fleire born i det trafikkutsette området kring Holmegata.
- Eit meir robust og praktisk læringsmiljø: Større driftseiningar gjev meir fleksibel bruk av lærarressursar, betre tilgang til moderne spesialrom (som skaparverkstad, naturfag, sløyd og skulekjøkken) og redusert sårbarheit ved sjukefråvær.
- Gevinstar for andre kommunale tenester: Ved å samlokalisere Vaksenopplæringa og Flyktningtenesta på Hovden sparer kommunen om lag 1,1 millionar kroner i året i brakkeleige på Ripateigane, samstundes som symjebassenget vert sikra for skulesymjinga. På Vartdal kan barnehagen, som i dag har den dårlegaste bygningsmassen av dei kommunale barnehagane, få nye og betre lokale i det frigjorte barneskulebygget.
Vegen vidare
Saka skal no handsamast politisk i levekårsutvalet, ungdomsrådet og kommunestyret.
Når kommunestyret gjer eit retningsval, går arbeidet over i fase 2. Her skal administrasjonen greie ut omsynet til barnets beste, samt pedagogiske, sosiale og lokalsamfunnsmessige konsekvensar. I mars 2027 skal kommunestyret gjere vedtak som skal leggjast ut på ei brei offentleg høyring med to månaders frist. Elevar, foreldre, tilsette og innbyggjarar får då seie si meining før kommunestyret gjer endeleg vedtak i juni 2027.
Kommunedirektør
Kari Flø 26.11.26