SFO skal leggje til rette for fysisk aktivitet, leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos borna. Skulefritidsordninga skal gi borna omsorg og tilsyn. Born med behov for individuell tilrettelegging skal ha gode vilkår for utvikling. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.
Rektor er øvste ansvarlege, men dei største SFO-ane har SFO-koordinator.
Det er gratis SFO 12 timar i veka for elevar på 1.–3. trinn. Og ingen husstand skal betale meir enn 6% av den årlege inntekta si for ein SFO plass for born på 1. til og med 4. årstrinn. Dersom den årlege summen for SFO utgjer meir enn 6% av den årlege inntekta til husstanden, kan ein søke om redusert foreldrebetaling, dette gjer du i Vigilo.
Les meir om pris og moderasjon.
Opningstider
Standard opningstid for SFO er kl. 07.15–16.15. Grunna ulik organisering av skulekvardagen ved dei einskilde skulane, kan opningstidene variere noko frå skule til skule.
Opningstider for den einskilde skulen finn du på nettsidene til Ørstaskulen.
Søknad
Søke på SFO-plass gjere du i Vigilo. Då loggar deg inn på vigilo.no/orsta via ID-porten. Påmeldinga er bindande.
Dette gjeld også når du skal gjere endringa på plass eller seie den opp. Oversikt over plasstypane kommuen har finn du her.
Nyttige lenkjer
SFO Vedtekter