Barnehageplass Adobe Stock I Ørsta tilbyr vi barnehageplass i alle delar av kommunen, og vi har samordna opptak med felles søknadsfrist og søknadsskjema. Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. mars.Her kan du lese meir om barnehagane i Ørsta.SøknadSøke på barnehageplass gjere du her: Søknad om plassNår barnet har fått tildelt plass kan du bruke Vigilo foreldreportal for å gjere endringar på plassen og finne informasjon, t.d. endre opphaldstid eller plasstørrelse, seie opp plass.Informasjon om barnehageplass Kven kan søkje om plass? Nye søkararAlle som ynskjer endring av plasstype eller overflytting til ein annan barnehage Rett til barnehageplass Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller 1 år innan utgangen av november det året det vert søkt om barnehageplass. Dersom barnet fyller 1 år i løpet av august det året det vert søkt om plass, har barnet rett på plass innan utgangen av august.Barn som fyller 1 år i løpet av september, oktober eller november månad har rett til å starte i barnehagen den månaden dei fyller 1 år, utan krav om foreldrebetaling frå august. Supplerande opptak Søknadar som kjem inn etter 1. mars vert handsama i supplerande opptak. I supplerande opptak er det ikkje verken klagefrist eller rett til barnehageplass jf Lov om barnehage. Vedtekter Vedtekter for dei kommunale barnehaganeVedtekter Farkvamen barnehageVedtekter Krokedalen barnehageVedtekter Mosmarka barnehage Redusert foreldrebetaling / gratis kjernetid Søknadar kan sendast fortløpande, og vert handsama etterkvart. Vedtak som gjeld frå og med den første heile månaden etter søknadstidspunktet.Søknad om redusert foreldrebetaling gjeld for eit barnehageår frå. 1. august til 31. juli. Meir om redusert foreldrebetaling Pris Pris barnehageplass År / Plass 100% 80% 70% 60% 50% Frå 01.08.2024 2 000* 1 950 1 950 1 800 1 500 *Nasjonal makspris frå 01.08.2024.Les meir om pris og moderasjon Seie opp barnehageplass Oppseiing av barnehageplass må du gjere i Vigilo. Logg inn på vigilo.no/orsta, vel "Søknader", "Ny søknad" og "Oppsigelse barnehage".Oppseiingstida i kommunale barnehagar er ein månad frå den 1. i følgjande månad.Oppseiingstida i private barnehagar er to månader frå den 1. i følgjande månad. Klagerett Klagefristen er 3 veker. Klaga skal stilast til Ørsta kommune, Oppvekst, kultur og inkludering, Dalevegen 6, 6153 Ørsta.Opprettheld kommunen vedtaket, vert saka handsama i Formannskapet som klagenemnd for klientsaker og barnehageopptak for endeleg avgjerd. Rettleiing Dersom du treng hjelp til å legge inn søknad kan du ta kontakt med servicekontoret på rådhuset. Opningstider servicekontoret: måndag–fredag 09.00–15.00