Lån eit nettbrett

Lån eit nettbrett

Vil du prøve nettbrett før du kjøper?

No kan du låne nettbrett gratis på Volda bibliotek og servicekontoret på Ørsta rådhus.

Målet med ordninga er å gi fleire seniorar moglegheit til å prøve ut nettbrett og bli tryggare på digitale tenester i kvardagen.

Du treng ikkje å eige nettbrett frå før. Dette er eit lågterskeltilbod for deg som er nyfiken og ønskjer å lære meir.

Kvifor låne nettbrett?

Eit nettbrett gjer det enklare å:

  • halde kontakt med familie og vener
  • lese aviser og finne informasjon
  • ta del i videosamtalar
  • bruke appar og digitale verktøy i kvardagen

Mange opplever at nettbrett er enklare å bruke enn både mobil og datamaskin.

Kven kan låne?

Ordninga er retta mot seniorar (innbyggarar frå 65 år) som ønskjer å prøve nettbrett over ei periode før dei eventuelt kjøper eige.

Kor lenge kan eg låne?

Vanleg lånetid er to veker. Dette tilbodet startar opp i veke 35.

Dersom det er ledige nettbrett, kan lånet i enkelte tilfelle forlengast etter avtale.

Kva kostar det?

Det er gratis å låne nettbrett.

Ved første utlån må du inngå ein enkel utlånsavtale.

Utlån og innlevering

Utlån og innlevering skjer på Volda bibliotek og servicekontoret på Ørsta rådhus.

Biblioteket kan også hjelpe deg med å kome i gang dersom du har spørsmål om grunnleggjande bruk.

Meld interesse

Vil du låne nettbrett?

Møt opp i skranken på biblioteket.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med: Linda Tomasgard, prosjektkoordinator

Telefon: 90 21 03 68  E-post: linda.tomasgard@volda.kommune.no