Digitale tenester og velferdsteknologi

Digitale tenester og velferdsteknologi

Velferdsteknologi er teknologi som skal bidra til tryggleik og meistring i kvardagen. Teknologiutviklinga gjer at vi får fleire digitale hjelpemiddel inn i vårt daglegliv som løyser ulike oppgåver for alle uavhengig av alder og livssituasjon.

Døme: smarttelefon med appar, robotstøvsugar, robotgrasklippar og smartklokker.

Velferdsteknologi er eit av dei viktigaste og best dokumentert arbeidsbesparande teknologiområda. Den kan auke den enkelte si evne til å klare seg sjølv i eigen bustad, og bidra til å sikre livskvalitet og verdigheit for brukaren.  

Velferdsteknologi kan delast i fire kategoriar:

  1. Tryggleik- og sikkerheitsteknologi
  2. Kompensasjons- og velværeteknologi  
  3. Teknologi for sosial kontakt
  4. Teknologi for behandling og pleie

Meir informasjon om velferdsteknologi finn du på Helsedirektoratet.no

Føremålet med velferdsteknologi

Velferdsteknologi har som mål å skape ein tryggare og betre kvardag for deg som brukar, pårørande og omsorgspersonell. 

Teknologien skal gjere det mogeleg for deg som brukar og bu lenger i eigen heim, den skal hjelpe deg til å meistre kvardagen best mogeleg, og hjelpe deg til å ha eit mest mogeleg aktivt og sjølvstendig liv. Ved kronisk sjukdom kan velferdsteknologi sikre betre behandling og tettare oppfølging. Betre utnytting av helsepersonell og auka kapasitet og kvalitet i helse- og omsorgstenestene er andre gevinstar den gjev oss.

Velferdsteknologi omfattar teknologi du kan kjøpe sjølv når du ser at det finnes teknologi som kan hjelpe deg i din kvardag, og det omfattar teknologi som vi som kommune nyttar i vår tenestetildeling. 

Ørsta kommune nyttar velferdsteknologi  for å kunne gje mest mogeleg effektive tenesteleveransar, og ta ut den arbeidsbesparande effekten velferdsteknologi gjev oss. Rekruttering av tilsette med fagkompetanse innan helse er vanskeleg, og vi skal levere meir helsetenester enn tidlegare utan å auke antal tilsette i nokon stor grad, då må me bruke velferdsteknologi der vi kan spare bruk av helsepersonell.

Kva kan du sjølv gjere for å betre kvardagen din med velferdsteknologi og bu i eigen heim lengst mogeleg?

Tilpasse heimen
  • Installer støttehandtak der du kan trenge det
  • Smart belysning og varme som kan styrast automatisk for å betre komfort og redusere risiko for fall. 
  • Fjern lause teppe
Bevare sosialt nettverk ved digital deltaking
  • Bruk digital teknologi som videotelefoni via til dømes facetime  og teams for å halde kontakt med familie og vener.
  • Nettbrett spesielt tilpassa eldre med enkelt brukargrensesnitt.
  • Deltaking i digitale aktivitetstilbod og møteplassar via internett. 
Halde deg aktiv og mobil
  • Bruk treningsappar og appar med tilpassa øvingar for eldre og personar med funksjonsnedsetjing.
  • Elektriske rullestolar og rullatorar med tryggleiksløysingar. 
Tryggleik
  • Smartklokke (GPS som kan fortelje pårørande kvar du er, og alarmknapp du kan varsle pårørande med)
  • Mobil med programmert alarmknapp som enkelt varslar pårørande ved behov
  • Bruke sensorar og varslingsteknologi som registrerer rørsle eller opne dører
  • Installere tryggleiksalarm, t.d. fallalarm med varsling til pårørande 
Støtte til hukommelse og struktur
  • Digital kalender og appar på nettbrett og mobil som kan gje deg påminningar
  • Talestyrte assistentar som kan minne deg på oppgåver og hjelpe deg med informasjon
  • Ta I bruk elektroniske medisinboksar med alarm for rett tid og dose. 
Helse og eigenomsorg
  • App-ar og måleutstyr for blodtrykk, blodsukker og puls som gir oversikt over eigen helse.
  • Digital kontakt med fastlege eller helsetenester, t.d. gjennom Helsenorge.
  • Bruk appar for fysisk aktivitet og kosthald, som er førebyggande for god helse.
  • Installere tryggleiksalarm, til dømes fallalarm med varsling til pårørande 

Oppsummering

Å ta i bruk velferdsteknologi treng ikkje vere vanskeleg eller dyrt. Mange løysingar er enkle å bruke og kan gi stor gevinst i kvardagen. Enten det handlar om å føle seg tryggare heime, halde kontakten med andre, eller ha betre oversikt over eiga helse, finst det verktøy som kan hjelpe deg til å meistre kvardagen betre – på eigne premiss. 

Ved å vere aktiv og nysgjerrig på dei moglegheitene som finst, kan du styrkje både sjølvstende og livskvalitet. Velferdsteknologi er ikkje framtida – det er her og no.

Kva tenester kan Ørsta kommune gje deg ?

Ørsta kommune nyttar velferdsteknologi som ein integrert del av tenestene i helse og omsorg, fordi vi ser at det aukar vår kapasitet og vi får utnytta vårt helsepersonell betre. Vi nyttar det til innbyggjarar som bur i eigen heim, i bukollektiv eller på institusjon.  

1. Auka tryggleik i heimen
Bildet viser ein alarm (lignar på ein brannalarm) - Klikk for stort bilete

Tryggleiksalarm som vist på bilete er ei teneste vi leverer. Alarmen er kopla til mobilnettet. Du kan tilkalle hjelp ved å trykke direkte på help-knappen, eller via alarmknappen du har på handa eller rundt halsen. Når brukar utløyser alarm så går denne til heimetenesta, som deretter tek munnleg kontakt direkte med brukar, pårørande eller rykker ut til bustad for å iverksette naudsynte tiltak. Dørsensor kan også koplast opp mot tryggleiksalarm, slik at alarm til dømes kan aktiverast ved bruk av utgangsdør på natt. 

Les meir om tryggleiksalarm

2. Medisinoppfølging
Bilde av ein Mobili som står på eit bord. - Klikk for stort bileteMobili som erstattar dosett. Karie/Dignio

Elektroniske medisindispensarar sikrar at du får rett medisin til rett tid. Dei gjev frå seg lyd- og lyssignal når det er tid for medisin, og varslar heimetenesta vår dersom medisinen ikkje blir teken. Vi nyttar Karie som medisindispenser for multidose, og ein mindre modell Mobili  som kan erstatte bruk av manuell dosett.  

Bilde av ein multidosedispenser som står på eit bord. - Klikk for stort bileteKarie for multidose Karie/Dignio
3. Digitalt tilsyn

Sensorar og kamera kan brukast for å varsle om hendingar eller utføre planlagde digitale tilsyn. Dette gjev auka sikkerheit og forutsigbarheit for både tenestemottakar og pårørande. Digitale tilsyn vert då eit supplement eller erstatning for fysiske tilsyn, ein kan til dømes sjekke om bebuar er i seng på natt.  

Bilde av ein roommate som heng på veggen. - Klikk for stort bileteRoommate.

Ørsta kommune nyttar roommate som vist på bilete for å gjennomføre digitale tilsyn og motta varsel om hendingar. Denne teknologien vert nytta i eigen bustad, bukollektiv og institusjon. Gjennom roommate kan vi varsle ved hendingar som «fall», «ut av seng», «for lenge på bad», varsle ved rop om hjelp og «ut av rom». I institusjon og bukollektiv er teknologien integrert inn mot Sensio sjukesignal som vi nyttar som velferdsteknologisk plattform. 

Her finn du meir informasjon om RoomMate | Trygghetssensor som reduserer og oppdager fall 

4. Lokaliseringsteknologi (GPS)

For personar med kognitiv svikt eller demens kan GPS-teknologi gi større fridom til å bevege seg ute, samtidig som pårørande eller tenesteytarar kan få beskjed dersom personen beveger seg utanfor eit definert område.  

Svart armbandsrur med GPS. - Klikk for stort bileteSafemate: Armbandsrur med GPS.

Ørsta kommune har GPS klokke i bruk og vi nyttar rein GPS alarmknapp i våre tenester, begge einingane er avbilda her. Desse kan vere nyttige å ta i bruk ved tidleg demens, der ein ynskjer å kunne ha fridomen til å vere aktiv å bevege seg, samstundes som pårørande ynskjer å ha kontroll og kunne avgrense kvar vedkomande bevegar seg. Sjølvdefinert område(geofence) vert oppretta.  

Utfordring ved bruk av GPS-teknologien er at detaljert sporing forbrukar mykje batteri slik at eining må laddast gjerne dagleg. 

5. Digital heimeoppfølging

Ved hjelp av teknologiske løysingar kan du følgjast opp på avstand. Du utfører målingar sjølv, som til dømes blodtrykk eller blodsukker, og svarar på enkle spørsmål knytt til helsa di. Desse målingane blir vurderte av helsepersonell som tek kontakt ved behov. Ørsta kommune er med på ei slik løysing. Tenesta driftast av Søre Sunnmøre legevakt på vegne av kommunane Volda, Ørsta, Ulstein, Herøy, Sande og Hareid. Erfaringane frå løysinga er gode, og brukarar som er med har positive erfaringar. Ein kan oppleve auka tryggleik og betre kontroll på eigen sjukdom, og ein treng ikkje reise til lege for å få gjort målingar. Tenesta er klar for å ta i mot fleire brukarar enn dei som er der no.