Stansa betaling: Kommunen går no gjennom alle vedtak om tryggleiks- og bustadalarm. Medan dette arbeidet pågår, er betaling for alle som har eit eksisterande vedtak, mellombels stansa. Det er mange som har vedtak om alarmar og det vil ta noko tid før alle vedtaka er vurderte. Vi håpar på forståing for dette. Kommunen legg vekt på at saksbehandlinga skal vere forsvarleg, og at vurderingane skal vere korrekte og likeverdige.
Dersom gjennomgangen viser at du skal betale for tryggleiksalarm, vil du få krav om betaling frå og med august 2026, då betalinga vart stansa.
Ev. tilbakebetaling: Det vil ta noko meir tid å avklare korleis tilbakebetaling skal skje. Dei som ev. skal ha tilbakebetaling, vil få beskjed om dette. Du treng ikkje sjølv å søkje eller sende inn krav om tilbakebetaling.