Nettstatistikk, informasjonskapslar og nettbasert handsaming av personopplysningar
Nettredaktøren har det daglege ansvaret for Ørsta kommune si handsaming av personopplysningar på www.orsta.kommune.no.
Logging
Opplysningar som vert samla inn i samband med drift av nettstad vert lagra på eigne serverar drifta av SSIKT. Nettstaden er levert av Acos og SSIKT er datahandsamar.
Det er berre SSIKT og Ørsta kommune som har tilgang til opplysningane som vert samla inn.
Webanalyse
Ørsta kommune nyttar google analytics på nettstaden vår. Formålet med dette er å utarbeide statistikk som vi brukar til å forbetre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettstaden. Eksemplar på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettstad brukarane kjem frå og kva nettleser som vert nytta.
Handsamingsgrunnlaget for dette er personopplysningsloven § 1 jf. som hovudregel personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 e), nødvendig for å utføre ei oppgåve i ålmenta si interesse eller utøve offentleg mynde som den handsamingsansvarlege er pålagt. Den rettkomne interessa er å betre våre tenester.
Tilbakemeldingsfunksjon
Nedst i artiklane på nettstaden vår finn du ein funksjon der du kan gi tilbakemelding om du fant informasjonen du lette etter, eller ikkje. Vi bruker denne funksjonen for å betre innhaldet på nettstaden. Bruker du denne funksjonen, vert det lagt igjen ein informasjonskapsel på datamaskinen din, denne kan ikkje brukast til å spore meldinga tilbake til deg.
Vi ber deg om ikkje å registrere sensitiv informasjon, ettersom funksjonen ikkje er sikra (kryptert).
Handsamingsgrunnlaget for dette er personopplysningsloven § 1 jf. som hovudregel personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 e), nødvendig for å utføre ei oppgåve i ålmenta si interesse eller utøve offentleg mynde som den handsamingsansvarlege er pålagt. Den rettkomne interessa er å betre våre tenester.
Informasjonskapslar
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plassert på din datamaskin når du lastar ned ein nettside. Ørsta kommune brukar ikkje informasjonskapslar til å generere statistikk, og vi kan dermed ikkje spore din bruk av nettstaden tilbake til deg som enkeltperson.
Handsamingsgrunnlaget for dette er personopplysningsloven § 1 jf. som hovudregel personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 f), som tillèt oss å handsame opplysingar som er nødvendig for å vareta en rettkomen interesse som veg tyngre enn omsynet til den einskilde sitt personvern. Den rettkomne interessa er å få tenester på nettsida vår til å fungere.
Heimeside
ASP.NET_SessionId | Informasjonskapsel nyttast av ASP.NET for å identifisera kvar enkelt brukar. |
lang | Informasjonskapsel inneheldt språkinformasjon. |
GodkjentCookies | Nyttast for å vite om brukaren har akseptert bruk av informasjonskapslar. |
Google Analytics
__utma | Skiljer brukarar og brukarsesjonar. |
__utmb | Brukast for å setje ny brukarsesjon/besøk. |
__utmc | Interoperabilitet med urchin.js saman med __utmb. |
__utmz | Lagrar trafikkjelda eller kampanjen som beskriv korleis brukaren nådde sida |
__utmv | Nyttast for å lagre data på besøksnivå. Lagast når tenesta nytter _setCustomVar-metoda. |
Meir informasjon om google analytics
Skjema
Vi nyttar skjema levert frå Acos AS.
Dersom du loggar deg på med e-post/MinID/BankID kan du når som helst velje å avbryte utfyllinga av skjermdialogen og eventuelt hente den opp igjen for vidare utfylling seinare. Vel du å avbryte utfyllinga for å hente den opp igjen seinare, vil opplysningane berre vere tilgjengeleg i 72 timar før dei blir sletta. Opplysningane du har tasta inn vil ligge lagra på Acos AS sine serverar, og vil ikkje vere tilgjengelege for kommunen før du sender inn søknaden. Når du har valt å sende inn, har du samtidig samtykka i at mottakar kan ta imot opplysningane.
Dersom du vel å ikkje logge deg på, vil innsendte søknadsdata slettast frå databehandlar sin server så snart søknaden er sendt til behandlingsansvarleg. Databehandlar vil berre behalde metadata om søknaden (type søknad, tidspunkt for innsending, referansenummer, og opplysning om mottakar).
Hansamingsgrunnlaget for dette er personopplysningsloven § 1 jf. som hovudregel personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 e), nødvendig for å utføre ei oppgåve i ålmenta si interesse eller utøve offentleg mynde som den handsamingsansvarlege er pålagt. Den rettkomne interessa er å kunne handsame førespurnaden din raskast mogeleg og gi deg best mogeleg hjelp.