SFO - Velle skule

SFO - Velle skule

Frå hausten 2024 har Velle SFO ca. 130 born som nyttar vårt tilbod. Vi har eit dyktig personale på Velle SFO som består av SFO- koordinator, miljørettleiarar, fagarbeidarar, barne -og ungdomsarbeidarar, assistentar og lærlingar. Rektor har det overordna ansvaret for skulefritidsordninga ved Velle skule.

Tilsette ved Velle SFO

Frå hausten er vi over 20 tilsette som skal arbeide på Velle SFO.

SFO- Koordinator: 
Maren Vik Mårstøl

Miljørettleiarar: 
Lars Øie
Stine Mari Digernes
Marlen Thunem Raudøy
Evgenia Simitopoulou
Hannah Leite Sætre
Ann Kathrin Hjorthaug
Silje Moe Vatne
Trude Eirin Velsvik

Fagarbeidarar/Assistentar:
Renate Engeset Vartdal
Jeanette Viken
Sigridur Remme
Susanne Engeset
Rigmor Otterlei Andreassen
Sigridur Remme
Sissel Iren Moe
Sigridur Elfa Larsen
Evy Pedersen
Anette Solberg Kalvatn
Ronja Viken Langøy

Lærlingar:
Maren Lillevik
Veronica Dalsbøe


Planar

”Skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå barna. Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Barn med særskilte behov skal givast gode utviklingsvilkår. Areala både ute og inne skal vere eigna for formålet”.  Opplæringslova §13-7 andre ledd.
Vi arbeidar både etter den sentrale rammeplanen frå Udir, og den lokale rammeplanen for SFO i Ørstaskulen. Vi har særleg fokus på 
★ Trygt og godt miljø
★ Leiken i SFO
★ Borns medverknad
I tillegg utarbeidar eigen årsplan og periodeplanar for Velle SFO. Periodeplanane strekkjer seg over tre månadar om gongen, og gir informasjon om innhaldet i borna sin SFO kvardag for den gitte perioda. Planane blir delt via Vigilo.
 

Organisering

Velle SFO er organisert over 3 basar. 
★ Base 1: 1. trinn held til i Storstova og tilhøyrande grupperom. Borna brukar sin faste skuleinngang og skulegarderobe.
★ Base 2: 2. trinn har base i 1. etasje i Gamlebygget fordelt på to rom. Dei har moglegheit til å ha eiga SFO garderobe i gangen utanfor romma, men kan også nytte skulegarderoba si. Dei som har morgontilbod nyttar inngang til Gamlebygget mot Kiwihallen. 
★ Base 3: 3. -4. trinn har base i 2. etasje i Gamlebygget fordelt på to rom + mediateket. 
3. trinn nyttar sin faste skuleinngang og skulegarderobe også til SFO. Det same gjeld for 4. trinn.

Morgontilbod
SFO åpnar kl. 0715. Borna møter på sin base til morgontilbod. Borna får frukost på sin base frå kl. 0730-0830. Under morgontilbodet blir det lagt vekt på roleg leik/aktivitet på basen. 
Borna går til klasseromma kl. 0850.

Ettermiddagstilbod
Ettermiddagstilbodet startar kl. 1345. SFO kjernetid er frå 1345-1610. Borna blir møtt på klasserommet av ein vaksen på SFO som tek opprop og registrering. Vi serverar enkelt måltid frå kl.1400-ca. 1445 på basane. 
Eksempel på dagsrytme på Velle SFO

Tidspunkt/Aktivitet
07.15  SFO åpnar. Borna møter på sin base.
07.30-08.30  Enkel frukost. Roleg leik om morgonen. 
08.50  Borna går til sine klasserom etter å ha rydda basen.
13.45  SFO startar etter undervisningstid. Opprop og registrering. Frileik og andre aktivitetar før lett måltid.
14.00-14.45  Servering av enkelt måltid på base. Vi legg også til rette for å variere med varme måltid inn i mellom.  Borna skal sitte ved bordet under måltidet. Måltid blir servert på baseromma. 
14.45-15.45  Gruppeaktivitet. Borna skal vere med å rydde etter endt aktivitet
15.45-16.15 Frileik.
16.15 SFO stengjer. Viktig at borna blir henta innanfor våre åpningstider. 
Viktig at borna har innesko og kleskift i garderoba. Dei treng både inne- og utekle. Hugs å merke alle klede og sko.

SFO-heim samarbeid

SFO nyttar, som i skulen, Vigilo som kommunikasjonsplattform. Dersom barnet skal hentast av andre enn føresette, skal det sendast melding i Vigilo. Dette gjeld også dersom barnet skal ha fri frå SFO, gå heim rett etter skule, bli med andre heim eller liknande. Når barnet blir henta er det viktig å gje beskjed til ein vaksen på basen.

Uteområde

I tida framover kan uteområdet vere noko avgrensa i samband med oppgradering av uteområdet. Det kan derfor vere nokre avsperringar.

Ørstahallen og Kiwihallen

SFO har tilgang til aktivitet både i Ørstahallen og i Kiwihallen. I Ørstahallen er der moglegheit for klatring (personalet har brattkort) samt bruk av hoppegrop og anna utstyr. Kiwihallen vil også bli nytta ved ulike høve.

Ferie SFO

Velle SFO har ferietilbod til følgande SFO-modellar:
★ Fulltidsplass over 11 mnd (5 dg)
★ Deltidstilbod over 11 mnd (3 dg)
Vi sender ut påmelding til ferietilbod via Vigilo. Dette sender vi ut ei tid i forkant av den aktuelle ferieperioden. Skal ein nytte tilbodet må barnet meldast på dei dagane dei skal delta. Vi tek ikkje imot påmelding etter at svarfristen er gått ut. Dette med tanke på bemanning.

Endring av plass/oppseiing av plass

Dersom de i løpet av SFO året skulle ha behov for å endre plassen eller seie opp plassen, er det 2 månader oppseiingstid, rekna frå den første i neste kalendermånad. Dette gjeld også ved endring av plass. (Jfr. Vedtekter til Ørsta kommune).

De kan også lese meir om SFO i Ørsta kommune og frå Udir ved å følgje linkane under. 
-    orsta.kommune.no/skule-og-utdanning/sfo
-    udir.no/utdanningslopet/sfo