- 5-dagers foreldreaktiv tilvenning
- Gradvis overgong - foreldreaktiv i starten
- Relasjonsbygging med kontaktperson
- Tryggleikssirkelen
Tilvenningsdagane er den andre fasa i overgongen mellom heim og barnehage. Det er den formelle oppstarten for barna i barnehagen. Hovdebygda barnehage legg til rette for ein 5-dagers foreldreaktiv tilvenning i oppstarten.
Hensikta med foreldreaktiv tilvenning er å få ein gradvis overgong frå at foreldre tek hand om alle oppgåver med barnet i barnehagen, til at det blir naturleg og trygt for barnet at kontaktpersonane overtek oppgåvene. Du kan lese meir om det her: Foreldreaktiv tilvenning
Oversikt over korleis dag for dag ser ut: Poster - foreldreaktiv tilvenning
I løpet av dei første dagane, held vi ein liten samtale der målet er at foreldre skal kunne gi barnehagen informasjon om barnet, og foreldre skal kunne stille spørsmål. Ein snakkar litt om forventningane til kvarandre, og korleis tilvenningsdagane blir.