Varsel om oppstart: Hovudplan for vatn, avløp og overvatn (2027–2037)

Varsel om oppstart: Hovudplan for vatn, avløp og overvatn (2027–2037)

Ørsta kommune har starta arbeidet med å utarbeide Hovudplan for vatn, avløp og overvatn for perioden 2027–2037. Planen skal utarbeidast som ein tematisk kommunedelplan, i tråd med plan- og bygningslova §§ 11‑12 og 4‑1.

Les planen her

Bakgrunn

Gjeldande hovudplan for VA er frå 1994. Kommunen står no framfor fleire utfordringar, som aldrande leidningsnett, lekkasjar, strengare krav, klimaendringar og behov for betre beredskap.

Formål med planen

Hovudplan for vatn, avløp og overvatn er kommunen sitt overordna styringsdokument for vassforsyning og avløpshandtering. Føremålet er å få ein oppdatert status på tilstand og behov i VA‑nettet, slik at ein kan prioritere tiltak for framtida. Dette vil vere førande for framtidig budsjettbehov og gebyrnivå.

Hovudmåla er:

  • Utarbeide eit styringsdokument for VA‑sektoren.
  • Kartlegge dagens situasjon og definere mål.
  • Foreslå tiltak og lage handlingsplan med kostnadsoverslag.
  • Legge grunnlag for økonomiplan og budsjett.
  • Sikre integrasjon med kommuneplanen sin arealdel.
  • Rullere planen kvart 10. år, med handlingsdel kvart 4. år.

Planprogram på høyring

Planprogrammet skildrar rammene for arbeidet og ligg ute til offentleg ettersyn.

Send innspel

Frist for innspel er: 01.04.2026.
Innspel kan sendast til Ørsta kommune gjennom kontaktskjema eller post. Merk “Sak 25/2516: Innspel – Hovudplan vatn, avløp og overvatn”.

Send innspel

Medverknad vidare i prosessen

Etter høyringa blir det utarbeidd forslag til hovudplanen som blir lagt ut til nytt offentleg ettersyn før vedtak.