Tomt til sals: Bustadtomt på Sæbøneset

Tomt til sals: Bustadtomt på Sæbøneset

Ørsta kommune har til sals bustadtomt i bustadfeltet Sæbøneset på Sæbø. Adressa er Høgeskjerva 34.

Eigedomen er på 865 m².

Sæbøneset, Sæbø. Thomas Winther Leira

Bustadtomt Sæbø - gnr. 169 bnr. 200

  • Reguleringsføremålet er bustad etter gjeldande reguleringsplan, vedteken 14. april 1978.
  • Utnyttingsgrada er etter reguleringsplanen på 25 %.
  • Vegtilkomsten er frå offentleg kommuneveg.
  • Leidningar for vatn, overvatn og spillvatn ligg inne på bustadtomta.
  • Eigedomen vil bli overført utan pengehefte.
  • Pris for tomta er kr 80.000 med tillegg for kostnaden for matrikkelbrev og skøyte.

Kjøpe?

Er du interessert i å kjøpe tomta må skriftleg melding sendast til kommunen innan 15. mars 2026.

Merk med saksnr 26/6784.

Send inn melding

Er det fleire som ynskjer å kjøpe tomta, vil det bli loddtrekning.