Oppstart av planarbeid: Detaljregulering av trafikktryggingstiltak ved Sæbø skule og barnehage

Oppstart av planarbeid: Detaljregulering av trafikktryggingstiltak ved Sæbø skule og barnehage

Planområde til varsel om oppstart.

Varsel om oppstart av planarbeid kunngjerast etter plan- og bygningsloven §12-8. Planen utarbeidast som detaljregulering. Ørsta kommune er forslagsstillar, og Asplan Viak er plankonsulent for planforslaget. PlanID er 1520_2026001.

Formålet med planen er å legge til rette for tiltak for trygg skuleveg til Sæbø skule og barnehage. Det skal sikrast areal til etablering av sikker tilkomst for mjuke trafikantar, og ei oversiktleg trafikkavvikling for alle trafikantgrupper.

Planområdet ligg på Sæbø, ca. 25 km sør-aust for Ørsta sentrum. Planarbeidet er vurdert å ikkje komme inn under krav om konsekvensutgreiing, jf. Plan- og bygningslova §4-2.

Det er vurdert fleire alternativ for å betre trafikksituasjonen og det er no opna for å komme med innspel før det blir valt løysing. 

Dokument

Dokumenta finn du på arealplaner.no og på Asplan Viak sine nettsider.

Innspel

Frist for innspel til varsel om oppstart av detaljregulering er 11. august 2026. 

Innspela sendast til irene.rokstad@asplanviak.no eller Asplan Viak AS v/ Irene D. Rokstad, Storgata 42, 6413 Molde.