Oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale - Ørsta KKS

Oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale - Ørsta KKS

I samsvar med plan- og bygningslova av 27.08.2008 nr. 71 § 17-6 fyrste ledd bokstav a, vert det kunngjort oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale mellom Ørsta kommune og utbyggingsfellesskapet «Ørsta KKS» (Møre og Romsdal Fylkeskommune og Ørsta kommune), i samband med bygging av nytt kulturhus og vidaregåande skule. 

Grunnlag for forhandlingane og avgrensing av området for utbyggingsavtalen følgjer av vedteken detaljreguleringsplan for Ørsta kompetanse- og kultursenter, med plan-ID 2020003. Formål med avtalen er å sikre at området vert byggeklart i samsvar med reguleringsplan, mellom anna omfattar dette fordeling av ansvar for gjennomføring av rekkjefølgjekrav.

Framforhandla avtale vil verte lagt ut om lag den 2. november 2026 på kommunen si heimeside til offentleg ettersyn, med 30 dagars frist for merknadar. Eventuelle merknadar til utbyggingsavtalen må sendast skriftleg ved bruk av kontaktskjema eller per post til kommunen. Sendinga må merkast «Sak 20/6599 – Merknadar til utbyggingsavtale».