Sentrum og grendene rundt treng fleire bustadar på leigemarknaden. Mange eldre, unge, einslege og familiar har behov for ein utleigebustad som eit trygt og godt alternativ til å eige. I eit prosjekt med tilvisingsavtale vil 40% av bustadane vere for kommunal tilvising og 60% av bustadane vere for den ordinære marknaden.
Kva er ein tilvisingsavtale?
- Ein tilvisingsavtale er ein langsiktig avtale mellom kommunen og profesjonelle utleigeaktørar
- Avtalen gjev kommunen rett til å tilvise personar og familiar i målgruppa til 40% av bustadane i eit prosjekt i 20 år
- Utbyggar/utleigar står fritt til å leige ut resten (60%) av bustadane på den ordinære marknaden
- Dersom kommunen ikkje har aktuelle bustadsøkarar, kan bustaden leigast ut på den opne marknaden i høve vilkår og fristar som er gjeve i avtalen
- Utbyggar/utleigar inngår leigeavtale med kvar enkelt bustadsøkar. Kommunen er ikkje part i leigeforholdet, men inngår ein samarbeidsavtale med utbyggar/utleigar som mellom anna regulerer det løpande samarbeidet og forvaltninga av bustadane
- Ein tilvisingsavtale gjev utbyggar tilgang til gunstig lånefinansiering gjennom Husbanken
-
Kva er fordelen med tilvisingsavtale for deg som utbyggar/utleigar?
Husbanken gjev gunstig finansiering til prosjekt med tilvisingsavtale:
- Gunstig rente på heile lånet. Husbanken har berre ei rente, og den er berekna ut frå snittet av dei fem beste lånetilboda i marknaden som er rapporterte inn til Finansportalen, fråtrekt 0,75 prosentpoeng. Sjå her kva som er gjeldande rente i Husbanken i dag.
- Husbanken sitt lån til utleigebustadar med tilvisingsavtale kan dekke opptil 85% av marknadsverdi, ha avdragstid på inntil 50 år, og moglegheit for å binde renta i inntil 20 år.
- Moglegheit for eitt års avdragsfriheit.
- Kommunen vil hjelpe å fylle bustadane med leigetakarar inntil 40% av bustadane. Utbyggar får lån frå Husbanken til alle bustadane i prosjektet, både tilvisingsbustadane (40%) og dei ordinære bustadane (60%) i prosjektet.
- Minimum 60% av bustadane i prosjektet kan til ei kvar tid leigast ut på den opne marknaden.
Lånet kan nyttast til å bygge, kjøpe eller bygge om eksisterande bygg til utleigeformål.
Les meir om Husbanken sitt lån her: Lån til utleieboliger for bransjeaktører - Husbanken
Målgruppe for kommunal tilvising
Ein tilvisingsavtale gjev kommunen rett til å tilvise 40% av bustadane i eit prosjekt. Målgruppa for kommunal tilvising er bustadsøkarar som av ulike årsaker fell utanfor den ordinære bustadmarknaden.
Personar og familiar som får tilvist bustad gjennom kommunen vil ha sjølvstendig buevne, og vil ved behov få oppfølging frå kommunen på lik line med andre innbyggarar.
Vi har behov for følgjande utleigebustadar
Kommunen har behov for bustadar med varierande størrelse og tal rom. Bustadane skal ha ein kvalitet og standard som samsvarer med gjeldande teknisk forskrift, og elles dei krav som er sett til livsløpsstandard og trinnfri åtkomst. Bustadane skal ha god standard og ligge i bumiljø der det er godt å bu.
Base for kommunale tenester kan vere eit ønskje i større prosjekt.
10 stk 1- roms bustad på ca 25 kvm, unntak frå krav om livsløpsstandard
10 stk 2-roms bustad på ca 50 kvm
5 stk 3-roms bustad på ca 75 kvm
5 stk 4-roms bustad på ca 100 kvm
Eit prosjekt må levere alle eller delar av bustadane vi etterspør. Dette må spesifiserast i søknaden.
Krav til livsløpsbustad og trinnfri åtkomst
Nybygg: Kommunen ønskjer at alle bustadar i nybygg skal byggast som livsløpsbustad med trinnfri åtkomst.
Ombygging: Ved ombygging av eksisterande bygningar skal minst halvparten av bustadane utformast som livsløpsbustad med trinnfri åtkomst.
Les meir om livsløpsbustad på Husbanken sine sider her.
Bustadane si plassering
Ein ønskjer at bustadane skal vere i gangavstand til matvarebutikk, offentlege og private servicefunksjonar og offentleg transporttilbod. Ein vektlegg at det ikkje er bratt / store høgdeforskjellar mellom bustadane og sentrumsfunksjonar.
Bustadane skal ligge i bumiljø der det er godt å bu.
Tilbydarar kan tilby fleire bueiningar i fleire prosjekt, og må sjølv disponere/skaffe tomt til prosjekta.
Krav til utleigeselskap
Desse reglane gjeld for profesjonelle utleigarar som skal inngå tilvisingsavtale med kommunen og søke lån frå Husbanken:
- Utleigar har som formål å eige, forvalte og leige ut bustadar til personar etter avtale med kommunen
- Utleigar inngår ein samarbeidsavtale med kommunen
- Utleigeforholdet er basert på husleigekontrakter etter husleigelova
- Utleigar aksepterer NAV-garanti som depositum
- Leigetakarar som ikkje blir tilvist frå kommunen, får tilbod om minimum 5 års leigekontrakt
- Utbyggar må sjølv skaffe tomt til prosjektet
Vurderingsvilkår
- Bustadkvalitet
- Livsløpsstandard og trinnfri åtkomst
- Bumiljøkvalitet og plassering
- Gangavstand til matvarebutikk, offentlege og private servicefunksjonar og offentleg transporttilbod
- Nærleik til skule/barnehage
- Plan for uteområde og/eller fellesareal
- Husleigenivå
- Framdriftsplan og stipulert ferdigstillingsdato for prosjektet
Slik søkjer du
Søknadskjema
Dersom du har fleire prosjekt, ber vi deg å sende eitt skjema per prosjekt.
Søknadsfrist: Kommunen tek i mot søknadar fortløpande
Legg ved følgjande dokumentasjon
- Situasjonsplan for prosjektet
- Plan-, snitt- og fasadeteikningar av prosjektet om dette ligg føre
All innsendt dokumentasjon frå tilbydarar vil bli handsama konfidensielt fram til eventuell avtale er inngått.
Anna informasjon
Utlysing av tilvisingsavtalar kjem ikkje under regelverket om offentleg innkjøp.
Ørsta kommune vil i første omgang inngå ei 1-årig intensjonsavtale med aktuelle, seriøse og langsiktige utbyggjarar/utleigarar. Deretter inngår kommunen tilvisingsavtaler med dei aktørane som leverer dei beste prosjekta.
Ørsta kommune har rett til å avvise prosjekt, og eventuelle avtalepartar må godta standard avtalevilkår.
Er du interessert eller har spørsmål?
Ta kontakt med Irene Graskopf på e-post: irene.graskopf@orsta.kommune.no
Merk e-posten med “Tilvisingsavtale”