Offentleg høyring: Ny 132 kV kraftleidning mellom Ørsta og Bjørke transformatorstasjon

Offentleg høyring: Ny 132 kV kraftleidning mellom Ørsta og Bjørke transformatorstasjon

Kartutsnitt. - Klikk for stort bileteKartutsnitt. Kartverket

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke konsesjonssøknad frå Linja AS om ein ny 132 kV kraftleidning mellom Ørsta og nye Bjørke transformatorstasjonar i Ørsta og Volda kommunar i Møre og Romsdal. Dei søker samstundes om å byggje nye Bjørke transformatorstasjon på Flotane i Bjørke i Volda kommune.  

Dokumenta finn du her:

Konsesjonssak: Ny 132 kV Ørsta - Bjørke

Innspel

Bruk det elektroniske skjema på nettsida til NVE om saka: Konsesjonssak - NVE

Det er også mulig å sende uttalelsen per epost, til nve@nve.no.  Merk emnefeltet med «Høringsuttalelse 202607247» , og oppgi navn og eventuelt organisasjonsnummer innledningsvis. Du kan også sende inn uttalelse per brevpost.

Høringsfrist: 08.01.2027

Orienteringsmøte 

NVE held offentleg møte torsdag 3. desember 2026 kl. 19.00. Møtet finn stad i Volda samfunnshus, Storgata 14, 6102 Volda. 

NVE vil orientere om handsaminga av søknaden. Linja vil vere til stades og orientere om planane. Møtet er ope for alle. Det vil bli moglegheit for å stille spørsmål både til NVE og Linja, men fråsegn til søknaden må sendast inn skriftleg.