Offentleg ettersyn: Skattelister 2026

Offentleg ettersyn: Skattelister 2026

Ørsta kommunestyre vedtok 11.12.2025 utskriving av eigedomsskatt, og med heimel i lov 1975-06-06 nr 29: Lov om eigedomsskatt til kommunane § 15, vert skattelistene lagt ut til offentleg ettersyn frå 13. februar 2026.  

Hovudlista (pdf) viser ei oversikt over alle skattepliktige og fritekne eigedomar. Eigedomar med fritak etter eigedomsskattelova § 7a, b og c er i tillegg teke ut på eiga liste (pdf) for enklare gjennomgang.

Skattelistene er lagt ut på servicekontoret og på kommunen si heimeside. 

Klage på kommunal takst skal vere skriftleg, og skal vere eigedomsskattekontoret i hende innan seks veker frå utlegging av skattelistene. Skjema for klage på eigedomsskattetakst. Det kan ikkje klagast på same grunnlaget meir enn ein gong. 

Klage på formuesgrunnlaget frå Skatteetaten skal rettast til Skatteetaten.