Innspel til namn på fjelltoppar

Innspel til namn på fjelltoppar

Kartverket har starta namnesak på tre fjelltoppar i området rundt Molladalen etter oppmoding frå Ørsta kommune. Toppane det gjeld er Slingsbys topp, Randers’ topp og Mohns topp. Men dei ynskjer også innspel på andre fjelltoppar.

Randers’ topp og Mohns topp

Når det gjeld Randers’ topp og Mohns topp ønske Kartverket spesielt opplysningar som fortel om toppane har andre, nedervde namn frå før.

Fleire toppar 

Kartverket vil også ha innspel på namn som har skrivemåte statusen “føreslått” i Sentralt stadnamnregister (SSR), for å avklare rett skrivemåte for offentleg bruk. Det gjeld mellom anna namn på fjelltoppar som har to ulike namn. 

Her ønsker dei opplysningar om kva namn som blir nytta lokalt, og kva som er den lokale dialektuttalen av namna.

Namn i saka

Slingsbys topp (føreslått), Randers’ topp (føreslått), Mohns topp (føreslått)
Trandalstinden (føreslått)
Romestrandhornet (føreslått)
Mannen (føreslått)
Kvikegrova (godkjent), Krekegrova (føreslått), Krikagrova (føreslått)
Isflåborga (føreslått), Isflålabyrinten (godkjent)
Isflåna (godkjent)
Isflågylet (godkjent
Gluggen (føreslått)

Les også brevet frå Kartverket:

Innspel

Innspel kan sendast i skjema under eller per brevpost til kommunen. Merk med saksnr: 26/7933

Skjema for innspel

Frist

Frist for innspel er 19.08.2026.