Høyring: Skulefråvær i Ørstaskulen – Eit kunnskapsgrunnlag og vegen vidare

Høyring: Skulefråvær i Ørstaskulen – Eit kunnskapsgrunnlag og vegen vidare

Arbeidet med bekymringsfullt skulefråvær er ein av dei mest komplekse oppgåvene i dagens grunnskule. Saka viser at fråvær ikkje er eit isolert problem hjå den enkelte elev, men eit symptom på samansette utfordringar der elev, heimeforhold, skulemiljø, psykisk helse, tverrfagleg samarbeid og systemrammer vert vovne saman.

Levekårsutvalet i Ørsta kommune legg framlegg til Skulefråvær i Ørstaskulen: Eit kunnskapsgrunnlag og vegen vidare ut på offentleg høyring med høyringsfrist 30.03.2026

Kompetansen og erfaringane frå barn og ungdom som har opplevd ufrivillig skulefråvær bør takast med i det vidare arbeidet, i tillegg til etablerte utval og råd.

Handsaming av Levekårsutvalet 05.02.2026 

Innspel

Innspel sendast i høyringsskjema merka med saksnr 26/330.

Send inn høyringssvar

Høyringsfrist: 30.03.2026