Fotball-VM vert arrangert frå 11. juni til 19. juli 2026. På grunn av tidsskilnaden vil fleire kampar verte vist på nattestid her i Noreg. For å gjere det mogleg å skjenke alkohol for skjenkestadar, som viser kampane, har regjeringa vedteke mellombels endringar i alkohollova. Dette gjer det mogleg for kommunane å opne for utvida skjenketid lokalt.
Dersom Ørsta kommune skal nytte seg denne lovendringa, må reglane om skjenketid alkoholpolitisk handlingsplan endrast mellombels i den perioden VM vert arrangert.
Ørsta kommune legg difor framlegg om mellombels endring av alkoholpolitisk plan, kapittel 4.1.2. – skjenketider, ut til offentleg høyring. Endeleg vedtak i saka vert gjort av kommunestyret, etter at høyringa er avslutta.
Endringa omfattar: Sjå vedlegg i saka under.
Endringane gjeld i perioden 11. juni–20. juli 2026.
Innspel
Innspel sendast i høyringsskjema merka med saksnr 26/7669
Send inn høyringssvar
Høyringsfristen er satt til 22. mai 2026.