Føremålet med ei slik forskrift er å sikre meir lik praksis mellom kommunane, legge til rette for betre samarbeid og redusere sårbarheit i tenestene.
Formannskapet i Ørsta gjorde følgjande vedtak i møte 09.06.2026, sak 53/26: «Ørsta formannskap vedtek å legge forslag til likelydande gebyrforskrift for vatn og avløp ut på høyring, slik den ligg føre. Tidlegare gebyrforskrift “Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Ørsta kommune, Møre og Romsdal” gjeld fram til endeleg vedtak.»
Forslaget vert sendt på høyring i samsvar med forvaltningslova § 37.
Ny forskrift
Forslaget til ny forskrift inneber i hovudsak ei vidareføring av dagens ordning i Ørsta kommune. Det er ikkje gjort store endringar i måten gebyra vert utrekna på.
Dei viktigaste endringane er:
- oppdatert lovgrunnlag
- tydelegare reglar for utrekning og betaling
- meir einsarta oppbygging tilpassa fleire kommunar
Forskrifta gir reglar for:
- kven som skal betale gebyr
- ulike typar gebyr (tilknyting og årlege gebyr)
- korleis gebyra vert rekna ut
- betaling og oppfølging
Sjølve gebyrsatsane vert framleis fastsette kvart år av kommunestyret og kan variere mellom kommunane.
Innspel
Innspel kan sendast i skjemaet under eller per post, merk med saksnr 26/8781.
Skjema for innspel
På grunn av ferieavvikling er høyringsfristen sett til 11. august 2026.