Ørsta kommune samarbeider med kommunane i Sjustjerna om fleire oppgåver innan vatn og avløp. Som ein del av dette arbeidet er det utarbeidd forslag til likelydande gebyrforskrift.
Føremålet med ei slik forskrift er å sikre meir lik praksis mellom kommunane, legge til rette for betre samarbeid og redusere sårbarheit i tenestene.
Formannskapet har i møte 20.10.2026, sak 98/26, fatta følgjande vedtak:
«Ørsta formannskap vedtek å legge forslag til likelydande gebyrforskrift for vatn og avløp ut på andre gangs høyring, med følgebrev og kommentarar til forskrifta. Høyringsfrist er 18. november 2026. Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Ørsta kommune, Møre og Romsdal, gjeld fram til endeleg vedtak.»
Forslaget vert sendt på høyring i samsvar med forvaltningslova § 37.
Dei viktigaste endringane er:
- oppdatert lovgrunnlag
- tydelegare reglar for utrekning og betaling
- oppdatert utrekning av abonnementsgebyr
- meir einsarta oppbygging tilpassa fleire kommunar
Forskrifta gir reglar for:
- kven som skal betale gebyr
- ulike typar gebyr (tilknyting og årlege gebyr)
- korleis gebyra vert rekna ut
- betaling og oppfølging
Sjølve gebyrsatsane vert framleis fastsette kvart år av kommunestyret og kan variere mellom kommunane.
Dokument
Frist
Frist for å sende inn innspel er 18. november 2026.
Send innspel i høyringskjema eller per post til kommunen, merk med saksnr 26/8781.