Høyring: Endingar i vedtekter for kommunale skulefritidsordningar i Ørsta kommune
Unsplash
Ørsta kommune står framfor store økonomiske utfordringar i åra som kjem. I arbeidet med budsjett og økonomiplan for 2026–2029 er det lagt vekt på behovet for omfattande omstillingstiltak for å sikre ein berekraftig økonomi. Som ein del av dette arbeidet foreslår administrasjonen ei revidering av vedtektene for skulefritidsordninga (SFO).
Hovudføremålet med endringane er å redusere driftskostnadene ved å stramme inn på fleksibiliteten i plasstilbodet, samordne gratistilbodet på 12 timar for 1.–3. trinn, fjerne moderasjonsordningar som ikkje er lovpålagde(syskenmoderasjonen) og at 4. trinn må søkje om plass.
Vedtak frå Levekårsutvalet 05.02.2026
- Levekårsutvalet i Ørsta kommune legg framlegg til nye vedtekter for kommunal skulefritidsordning ut på offentleg høyring med høyringsfrist 26.02.2026.
- Ny setning etter første setning i § 1: I Ørsta skal det vere tilbod om SFO ved alle dei kommunale barneskulane.
- Endring av avsnitt 3, § 6, slik at avsnittet blir: Rektor er ansvarleg for opptaket. Når ein elev har fått tildelt plass, har barnet plassen ut 4. trinn eller til føresette seier den opp.
- Stryk avsnitt 7 i § 6, som omhandlar rangering av inntaket om/når ikkje alle får plass. Grunngjeving: alle som søkjer om SFO må få plass så fremt dei søkjer på rett måte og til rett tid. Vi kan ikkje sortere kven som treng SFO mest, og ei slik usikkerheit om ein vil få tilbod om SFO, vil gjere Ørsta kommune mindre attraktiv.
- § 1 Føremål: 2. avsnitt Omgrepet individuell tilrettelegging skal brukast jf opplæringslova august 2024 (fleire stadar i dokumentet)
- Siste avsnitt – tilleggspunkt- SFO skal følgje FNs konvensjonen for personar med nedsett funksjonsevne, CRPD
Innspel
Innspel sendast i høyringsskjema merka med saksnr 26/342.
Send inn høyringssvar
Høyringsfrist 26.02.2026.
Sist endra 10.02.2026 11:21