Veke 22: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 30.05.23 – 06.06.23

  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt gjennomgang av overflateredningsutstyret . Ved hendingar i vatn vert brannvesenet utkalla og må då ha kunnskap og utstyr for å hente personar og dyr opp frå vatn. Brannkonstablane øvede på rask oppkledning og gjekk gjennom alt utstyret.
  • Fredag var Bjørnis til Fosnavåg sommarfesten saman med Tare og dei andre blålysetatane. Bjørnis storkosa seg på det flott arrangmentet.
  • Laurdag var Bjørnis med på feiringa av Sæbø IL sin 90-års jubileum.  Bjørnis hadde det heilt topp og takkar for at han fekk vere med på feiringa.
  • 06:10 Tysdag morgon rykte vaktlag 3 ut til Automatisk brannalarm får Velle Skule. Av branntavla kom det fram at meldar var utløyst i kjellaren. Røykdykkarar gjekk inn og lokaliserte ein brann till sikringsskapet i kjellaren. Brannen vart sløkt og røyken lufta ut. Bygningseigar var bedt om å kontakte elektrikkar.