Veke 26: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 21.06.22 – 28.06.22

  • 10:54 Torsdag rykte vaktlag 2 i Ørsta ut til automatisk brannalarm frå institusjon. Orsak til alarm var matlaging. Graut i plastbeger i steikomn. Brannmannskapet bistod med utlufting og tilbakestilling alarm.
  • 16:00 – 17:30 Fredag øvde vaktlag 3 på vassforsyning frå elv. Ved alle brannhendingar er vassforsyning viktig. ØBR har i dei felste samanhengar med seg tankbil, men denne held ikkje til ein overtent bustad. For å sikre vassforsyning må ein hente vatn frå ein brannhydrant eller ei opa vasskjelde. Mannskapet må kunne suge vatn opp frå elv/vatn og pumpe det fram til brannen. ØBR har mange pumper og desse må øvast på for å ha io fingrane.
  • 15:27 Måndag rykte vaktlag 3 i Ørsta ut til automatisk brannalarm frå veksemd i Ørsta. På veg ut til anlegget kjem det fram at alarmen ikkje er reel og skuldast feil bruk. Ingen brann.

Bilde av vaktlag 3 som øver på vassforsyning frå elv. - Klikk for stort bileteØving på vassforsyning frå elv. Ørsta brann og redning