Er du nysgjerrig på informasjonspunkt? Møt beredskapskoordinator på punkta i beredskapsveka
- Tysdag 27. oktober kl. 13.00–14.00 på Ørsta rådhus
- Tysdag 27. oktober kl. 11.00–12.00 på Vartdal Helsetun
- Onsdag 28. oktober kl. 11.30–12.30 på Hjørundfjordheimen
- Onsdag 28. oktober kl. 13.30–14.30 på Øye Branndepot
Beredskapsveka er eit godt høve til å førebu seg på situasjonar der kvardagen ikkje fungerer som normalt. Ta gjerne ein ekstra kikk på oversikta over informasjonspunkta og finn ut kva punkt som er nærast der du bur.