Informasjonspunkt for publikum ved kriser
Servicekontoret på Ørsta rådhus. Her får du hjelp dersom telefon og internett er ute av drift over lengre tid.
Ingvild Marie Taraldset
Dersom det oppstår ei krise med langvarig bortfall av mobilnett eller straum, kan det bli vanskeleg å nå nødetatar eller få viktig informasjon. For å sikre at alle innbyggarar får hjelp, har kommunen oppretta informasjonspunkt på utvalde bygg i kommunen.
Kva er eit informasjonspunkt?
Eit informasjonspunkt er ein stad der du under krisesituasjonar i kommunen kan møte opp for å:
- be om hjelp dersom du treng assistanse
- melde frå om situasjonar som krev oppfølging
- få eventuell viktig informasjon frå kommunen og nødetatar
Her finn du informasjonspunkta
Det er sett opp gule skilt ved inngangspartia på dei aktuelle bygga i kommunen:
- Ørsta rådhus, Dalevegen 6
- Vartdal Helsetun, Vartdalsstranda 1225
- Hjørundfjordheimen, Øyragata 20
- Øye Branndepot, Norangdal 81
Slik ser skilta på informasjonspunkta ut.Kvifor gjer vi dette?
Målet er å sikre tryggleik og god kommunikasjon for alle innbyggarar, også når digitale tenester ikkje fungerer. Informasjonspunkta er ein del av kommunen sitt beredskapsarbeid.
Kart
Informasjonsskilt på Hjørundfjordheimen, Sæbø.
Ørsta kommune
Informasjonspunkt på Øye: Øye brannstasjon
Thomas Winther Leira
(Bilde av skiltet med Vartdal helsetun kjem.)
Publisert 26.10.2026 08:37