Workshop om tryggare mobilbruk for barn

Workshop om tryggare mobilbruk for barn

Korleis kan vi som føresette bidra til ein tryggare digital kvardag for barna våre? 

Workshop for føresette i samarbeid med Barnevakten  - Klikk for stort bileteKris Munthe, rådgjevar i Barnevakten, stod for foredrag og workshop. Her i samtale med Paul Ottar Tornes frå Volda kommune. Arrangementet var i regi av Volda kommune og Ørsta kommune. Volda kommune

Dette var tema då Ørsta og Volda kommunar, i samarbeid med Barnevakten, inviterte til workshop på Volda Filmteater 4. og 5. mai.

Gjennom ein felles gjennomgang fekk deltakarane innblikk i konkrete innstillingar på mobil og i populære appar som Snapchat, Roblox, TikTok og YouTube. Målet var å gi føresette praktiske verktøy dei kan ta i bruk med ein gong.

Eit sentralt bodskap frå Barnevakten var balansen mellom barn si rett til å bruke teknologi, til læring, leik og sosial kontakt,  og behovet for beskyttelse. Mobiltelefonar og appar er i stor grad utvikla for vaksne, og kan gi barn tilgang til innhald og kontaktar dei ikkje er klare for. Med enkle grep kan ein likevel tilpasse både mobil og appar til barnet sitt nivå.

Under workshopen fekk deltakarane sjå korleis ein kan:

  • setje tidsgrenser for bruk av mobil og appar 
  • avgrense kven barnet kan kontakte 
  • aktivere filter for uønskt innhald 
  • få betre oversikt over kva barna brukar tid på 


Det vart også understreka at tekniske løysingar berre er ein del av svaret. Minst like viktig er dialogen med barna. Å vere nysgjerrig på kva dei gjer på nett, kven dei snakkar med, og kva dei opplever, er avgjerande for å skape tryggleik.

– Det handlar ikkje om full kontroll, men om å gi barna trygge rammer samstundes som vi byggjer tillit, var eit av råda som vart løfta fram.

Etter fellesdelen som varte i 30 minutt, vart det tilbydd individuell rettleiing, der føresette kunne få hjelp til å gå gjennom eigne einingar og tilpasse innstillingar.

Dette var første del av ein serie workshopar om barn og digital tryggleik. Vi håpar endå fleire føresette vil nytte seg av tilbodet ved komande arrangement, slik at fleire barn kan få ein tryggare digital kvardag.

Du finn mange gode tips og råd på: barnevakten.no/