Møtet starta med ein presentasjon av ordføraren Per Are Sørheim, og Sigrun Heltne Vartdal frå næringskontoret sa nokre ord om næringslivet i Ørsta. Planleggar Ingvild Kjøde orienterte kort om planprosessen, før Per Ivar Lied snakka om samarbeid mellom kommunar og suksessfaktorar.
Etter innleiingane arbeidde deltakarane i grupper med sentrale spørsmål med tema som:
- Kva skal vere Ørsta sitt unike fortrinn i regionen framover?
- Korleis kan næringslivet og kommunen samarbeide for å gjere Ørsta attraktiv både for arbeid og bu?
- Har vi dei rette næringsareala og infrastrukturen for vekst?
- Korleis kan vi nytte arbeidskraftreserven betre?
- Kva er viktigast for bedriftene i åra som kjem?
Diskusjonane vart oppsummert i plenum, der fleire grupper delte sine hovudinnspel. Til slutt svarte deltakarane på to spørsmål som resulterte i ordskyer.
- Kva må Ørsta kommune prioritere høgast dei neste fire åra for å styrke eksisterande næringsliv?
- Kva er Ørsta sin viktigaste styrke eller unike fortrinn for å tiltrekke seg framtidig næringsutvikling?
Møtet vart avslutta med takk for engasjementet og ei oppmoding om å sende inn fleire innspel i etterkant. Og workshopen gav verdifulle perspektiv som blir tekne med vidare i arbeidet med samfunnsplanen og næringsstrategi.
Kva er Ørsta sin viktigaste styrke eller fortrinn for å tiltrekke seg ny/utvikle dagens næringsutvikling?
Menti
Kva må kommunen prioritere høgaste dei neste 4 åra for å styrke eksisterande næringsliv?
Menti