Vil du kjøpe bustad, men manglar lån?

Vil du kjøpe bustad, men manglar lån?

Illustrasjonsfoto av eit par som helde ein tre-figur som ser ut som eit hus. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Adobe Stock

Sjekk ut startlån frå husbanken. Ordninga gjere det mogleg for fleire å kome seg inn på bustad­marknaden.

Kva kan du søke om?

Startlån til førstegangsetablerarar kan brukast til å

  • Kjøpe ny eller brukt bustad
  • Du kan ikkje få meir lån enn det du kan klare å betale i renter og avdrag.

Krav til søker

  • Du må vere over 18 år
  • Du må ha minst fem prosent eigenkapital
  • Du har fått avslag på søknad om lån i ordinær bank
  • Du er ikkje kvalifisert for ordinært startlån
  • Du må kunne betene renter og avdrag på lånet

 

Slik søker du om startlån til førstegangsetablerarar

1. Du treng desse vedlegga

  • Skattemelding for førre år
  • Arbeidskontrakt og/eller vedtak om trygd
  • Dokumentasjon på all inntekt dei siste tre månadane
  • Dokumentasjon som viser saldo og kva du betalar på all gjeld
  • Utskrift frå gjeldsregisteret
  • Dokumentasjon på eigenkapital
  • Stadfesting på annan finansiering dersom du har det
  • Lånetilbod eller avslag på lån hos ordinær bank  (på avslaget må det kome klart fram kva lånesum ein har søkt om i ordinær bank)
  • Samværsavtale dersom du har omsorg aleine eller delt omsorg for born
  • Bidragsavtale dersom du mottek eller betalar bidrag

Sakshandsamar kan be om annan eller meir dokumentasjon dersom det er nødvendig.

2. Send inn søknad (du kan søke heile året/når som helst)

Meir informasjon: Sjå Startlån til førstegangsetablerarar

Spørsmål?

Har du spørsmål ta kontakt med Børge Gundersen eller Eli Myklebust.