Veterinærar kan no sende inn søknad om stimuleringstilskot
Illustrasjonsfoto
Adobe stock
Kommunane kan søkje statsforvaltaren om stimuleringstilskot til veterinærdekning for 2026. Ørsta kommune vil gjere dette på vegne av vaktdistriktet Ørsta og (gamle) Volda.
Veterinærar i vårt distrikt får frist til måndag 16. februar 2026 med å sende inn søknad til Ørsta kommune om stimuleringstilskot, jfr. føringar frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i brev datert 23.01.26.
Send søknad til kommunen
Saksnummer 26/159.
Kommunen vil fordele eventuelt tilskot til veterinærane etterpå. Kommunen kan vurdere å stille krav til deltaking i veterinærvakt for å kunne få stimuleringstilskot.
Landbruksdirektoratet og statsforvaltar har desse sentrale kriteria for prioritering av søknader (rundskriv 2024-44):
- Kommunar med dårleg næringsgrunnlag for veterinærar skal prioriterast.
- Lågt dyretal og krevjande infrastruktur bør vere blant kriteria for tildeling av tilskot.
- At det er vanskeleg å rekruttere og halde på veterinær, vil vere relevant å leggje vekt på.
- At stimuleringstiltaket er føremålsteneleg for å bidra til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell, vil vere relevant å leggje vekt på.
- Dei mest aktuelle stimuleringstiltaka det kan givast tilskot til, er etableringsstøtte, driftsstøtte og oppretting av kommunale veterinærstillingar.
Sist endra 26.01.2026 10:53