Det var tett program med faglege innlegg og konkrete tips om korleis vi sjølv kan sørge for å planlegge for ein god alderdom.
Fleire av innlegga tok opp kor viktig det er å vere i aktivitet, i tillegg til korleis små grep i heimen kan bidra til auka tryggleik og livskvalitet. Frammøtet var over all forventning, og deltakarane viste stor interesse for både førebygging, tilrettelegging og praktiske løysingar.
Temadagen synte behovet for slike møteplassar, der kunnskap, erfaringar og gode råd kan delast.
– Det er inspirerande å sjå så stort engasjement. Dette gir motivasjon til å halde fram med liknande tiltak i framtida, seier arrangørane, som planlegg temadag neste år også.
Stor takk til alle frammøtte, og takk til alle dyktige fagpersonar og frivillige som stilte opp med nyttige innlegg og god hjelp.
Temadagen var arrangert av avdelinga for ergo, fysio og friskliv i Ørsta kommune, i samarbeid med Røde Kors omsorg og Pensjonistlaget.
Seniordansarar starta temadagen på scena.
Ørsta kommune
Sterk og stødig instruerte i styrke og balanseøvingar.
Ørsta kommune
Røde Kors stilte med sal av kaffi og vafler
Ørsta kommune