Vegstenging i sentrum

Vegstenging i sentrum

I samband med utskifting av gamle kommunale rør og kummar har det vore naudsynt å stenge Anders Aarsæter-gata for gjennomkøyring. Frå og med torsdag 24. september vil også ytre del av Webjørn Svendsen-gata verte stengt for gjennomkøyring. 

Trafikk til/frå Strandgata må nytte omkøyringsvegar medan arbeidet held på.

Tilkomst til forretningar og eigedomar i området vil likevel til ei kvar tid vere mogleg via Strandgata, Kyrkjegata, nordre ende av Anders Aarsætergata, eller for mjuke trafikantar i Vikegata.

Skadar på gamalt leidningsnett

Svartebekk er ein gamal del av kommunalt leidningsnett for overvatn som går frå område Grepalida/Vikegeila og fram til utløp i sjø ved Kaihuset. I førre veke oppdaga kommunen at del av leidninga som ligg i Anders Aarsæter-gata hadde alvorlege skadar. I morgon, torsdag 24. september, vil kommunen derfor starte arbeidet med utbetring for å unngå framtidige flaum- og vasskadar.

Arbeidet tar tid

Arbeidet har teke tid og vil altså vare ei stund til, men ein del av sentrum vil vere betre rusta for framtida når vi er ferdige.

Anders Aarsæter-gata og Webjørn Svendsen-gata vil vere stengd for gjennomkøyring fram til arbeidet er ferdig.

Vi takkar publikum for tolmod!

Skilting og stengd veg.