Vegopning i Ørsta sentrum

Vegopning i Ørsta sentrum

Webjørn Svendsen-gata og Anders Aarsæter-gata vert opna for normal ferdsel frå tysdag 20. oktober, på ettermiddagen.

Det vil framleis vere noko anleggsaktivitet på staden. Difor vil delar av gatene vere smalare eller ha innsnevring ein kort periode framover. Dette vil vere skilta på staden.

Dei første vekene framover vil det vere grusdekke. 

Vi oppmodar alle trafikantar om å følgje skilting og ta omsyn til arbeidande i gatene.

Bilde av gatene frå 2025. Google