Klassekonkurranse om korg med Fairtrade-produkt
I veke 43 er det nasjonal Fairtradekampanjeveke, og dette vil også vise att i bygdene våre, seier Ingrid Opedal, leiar i styringsgruppa for Fairtradekommunane Volda og Ørsta. Ho fortel at det mellom anna vil dukke opp vandrande bananar som deler ut smaksprøver på Fairtradebananar og andre Fairtradeprodukt! -Målet vårt er at fleire skal bli kjende med kva Fairtrade er, og kva varer ein kan finne i butikkane i Volda og Ørsta, seier Laura Mortveit, som er nestleiar i gruppa.
Born og unge er ei særleg viktig målgruppe denne gongen. -I denne samanheng gir vi vekk to korger med Fairtradeprodukt; ei til ei barneskuleklasse i Ørsta og ei til ei i Volda, fortel Tove Halse Digernes, som representerer Ørsta kommune i styringsgruppa. Alle kan kome med forslag om kva klasse som bør vinne denne!
Fairtradeballar til FFO
Fotballfritidsordningane får Fairtradefotballar, og på opningsdagen for Øyralangs kan ein møte på ein banan som deler ut godsaker. -I Ørsta utset vi utdelinga til den store lysfesten seinare i oktober, seier Halse Digernes.
Fairtrade er verdas mest kjende og anerkjende sertifisering-og merkeordning for rettferdig handel. Fairtrade endrar måten internasjonal handel fungerer på. Vi jobbar for eit meir berekraftig jordbruk, tryggare arbeidsforhold og betre liv for bønder og arbeidarar. Alle bondekooperativ og plantasjearbeidarar får ein ekstra sum pengar kalla Fairtrade-premium. I fellesskap bestemmer dei kva denne summen skal brukast til. Ofte går det til lokale utviklingstiltak eller til meir berekraftig jordbruk.
Fairtrade styringsgruppa er svært takksame for at Tussa har løyvt midlar til denne kampanjeveka, og at dei ser dette som eit viktig og konkret berekraftarbeid.
Styringsgruppa for Fairtrade Volda Ørsta