23-åringen har hatt lærlingtid på Vikemarka, Sæbø og Åmås barneskular, der ho har gjort eit sterkt inntrykk på både elevar og kollegaer. Lærarar og tilsette omtalar henne som svært dyktig, omsorgsfull og genuint oppteken av barna. Ho blir trekt fram for å skape gode relasjonar og bidra aktivt til eit trygt og inkluderande miljø.
For Andrine sjølv har valet av yrke vore heilt rett:
– Arbeidet gir meining. Barna ser at eg bryr meg. Eg får brukt energien og personlegheita min – og eg elskar jobben min, seier ho. Etter å ha prøvd andre yrke, mellom anna som kokk, fann ho endeleg plassen sin då ho kom inn i arbeidet på barneskule. – Det var som å løyse ei Rubikskube.
Representantar frå fylkeskommunen roste vinnaren under overrekkinga:
– Andrine er sosial og sprer godt humør. Ho viser omtanke, har lagt ned lang og iherdig innsats og vist stor interesse for faget.
Fagopplæringa la vekt på den breie anerkjenninga Andrine får frå alle som har jobba med henne:
– Det er ei glede å få løfte fram årets lærling. Alle har så mykje positivt å seie: Du er positiv, ærleg, engasjert – du ser barna og skaper gode relasjonar.
Etter vidaregåande har Andrine fått full opplæring i bedrift, og fekk tilbod om jobb allereie før avslutta læretid. Ho uttrykker stor glede over at ho valde å bytte fagfelt og følge engasjementet sitt for barn og unge.
Ørsta kommune fekk også diplom for å ha bidrege til løpet for årets lærling. Lærlingekoordinator Ingvild Aasen og Andrine Vinjevoll.
Idun Lee Hofset
Vi gratulerer!
Les også