Ufordringar med e-post, kalender og booking

Ufordringar med e-post, kalender og booking

Unsplash

Microsoft har for tida tekniske problem som fører til at e-post og tilhøyrande tenester som kommunen brukar er nede. Dette påverkar kommunikasjonen mellom innbyggjarane og kommunen.

Kva betyr dette for deg?

E-post: Kommunen får ikkje lese eller svart på e-postar som blir sende inn no.
Kalender: Vi klare ikkje å slå opp i kalenderane til tilsette.
Booking: Timesbestillinga med sakshandsamarar på tildelingskontoret og "Prat" til psykisk helseteneste er utilgjengelege inntil vidare.

Alle andre tenester fungerer som normalt 

Sjølv om vi har utfordringar med e-post, booking og kalenderen, fungerer alle andre system i kommunen som vanleg.

Har du noko som hastar? 

Dersom du har ei førespurnad som ikkje kan vente til systema er oppe att, ber vi deg om å ta kontakt med oss på telefon via sentralbordet vårt.

Vi beklagar ulempene dette medfører, og oppdaterer denne meldinga så snart Microsoft har løyst problema.