TV-aksjonen: Ørsta treng fleire bøsseberarar

TV-aksjonen: Ørsta treng fleire bøsseberarar

TV-aksjonen

Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen, til inntekt for NRC Flyktninghjelpen. Nokon har meldt seg, men vi treng framleis mange frivillige til å gå med bøsse.

Har du ledig ca 2 timar søndag og kan tenke deg å vere med? Om du vil gå i sentrum kan du registrer deg her, om du vil gå i ei av dei flotte bygdene våra ta kontakt med Rebecca Riise Bjerknes. 

Oppmøtetidspunkt og stad for utlevering av bøsse er søndag 18. oktober kl. 14.00 på Ørsta rådhus (inne på møteromma, inngang “Møterom” på sørsida).

Takk for hjelpa!