Kulturkafé med inntekt for TV-aksjonen
TID: Fredag 9. oktober kl. 11.30–14.00
STAD: Ørstahallen
Snart haustferie, og tradisjonen tru vert det sjølvsagt kulturkafe til inntekt for TV-aksjonen. Vi markerer i tillegg verdsdagen for psykisk helse og småjobbsentalen og møteplassen er med oss.
Denne gongen serverer vi ukrainske kålrullettar.
Holubtsi - Ein tradisjonell ukrainsk rett med mjuke kålblad fylte med kjøtt, ris og grønsaker, som blir kokte i ein smakfull tomatsaus. Kålrullane blir serverte med rømme og dill. Heimelaga, mettande og full av smak – ekte ukrainsk husmannskost.
75 kroner for mat, dessert og kake. Vi sel i tillegg pølse med brød, for dei mindre eventyrlystne. Tradisjonen tru vert det også lotteri i regi av LPP med flotte premiar frå lokalt næringsliv.
Tema for verdsdagen i år er "tillit er beredskap".