TV-aksjonen er vel overstått

TV-aksjonen er vel overstått

Rebecca Riise Bjerknes

TV-aksjonsnemnda vil takke alle som bidrog på sitt vis og sjølv om resultatet ligg litt under tidlegare år er det mange som har bidrege. I Ørsta samla vi inn til over 400 000 kroner til Atlas-alliansen sit viktige arbeid for personar med funksjonsnedsettingar som lever i krig og fattigdom. 

Skulane Velle og Vikemarka gjennomførte skuleløp som samla sett bidrog med omlag 75 000 kroner, eit kjempegodt resultat. Folkehøgskulen stilte med elevane sine som bøsseberarar og Rotary var stødige sjåførar i år, som i veldig mange år tidlegare. Takka vere dei fekk veldig mange fleire besøk. Kulturkafeen samla inn over 21 000 kroner. I tillegg fekk vi støtte både frå næringsliv og organisasjonar. Sparebank1 var også i år tellebank. 

Takk til alle som bidrog, takk til alle som gjekk og takk til alle som gav.

Det er framleis råd å støtte skuleløpa, eller vipps direkte til TV-aksjonen på 2133 dersom du ikkje rakk å gi i går.

Helsing leiar Per Are Sørheim og resten av TV-aksjonsnemnda