I Ørsta markerer vi gapahukens dag med eit arrangement på gapahuken «Dalsmunnen Osdalen». Friluftsrådet er på plass oppe ved gapahuken med bålet tent.
Ein kan parkere ved Lunneplassen øvst i Rystefeltet. Frå parkeringa er det ein tur på om lag 1 km med ca 130 høgdemeter stigning. Ein kan velje å gå på god skogsveg, eller gå sti opp til gapahuken. Oppe ved gapahuken blir det servert kaffi, kakao, og noko "småknask" m.m. og det blir duka for bingo.
Oppmøte direkte ved gapahuken kl. 12.00–14.00
For meir informasjon og turskildring: morotur.no
Stad: Gapahuken "Dalsmunnen Osdalen"
Oppmøte: Direkte ved gapahuken kl. 12.00
Ta med:
- Eigen kopp
- Eit sitteunderlag
- Matpakke/niste
- Ellers gjeld det å kle seg etter veret.
Ta med familie og vener, så sjåast vi på laurdag 27.september!
Meir informasjon om gapahukensdag
Arr.: Sunnmøre friluftsråd
Christer Lundberg Nes