Trygt heim for ein 50-lapp for ungdom i Ørsta

Trygt heim for ein 50-lapp for ungdom i Ørsta

Illustrasjon. Adobe Stock

Snart kan ungdom i Ørsta kome seg trygt heim med drosje for berre 50 kroner per person.

Ørsta kommune har fått tildelt midlar til ordninga «Trygt heim for ein 50-lapp». Målet er å gjere det enklare og tryggare for ungdom å kome seg heim frå arrangement og aktivitetar på kvelds- og nattestid.

Kommunen har inngått avtale med Ørsta Taxi, som skal utføre transporten. Ordninga varer til potten er brukt opp (ca 37.000 kroner).

Kven kan bruke ordninga?

Ordninga gjeld for ungdom frå 15 til 21 år.

Eigenandelen er 50 kroner per person per reise.

Når gjeld ordninga?

Ordninga gjeld:

  • natt til laurdag
  • natt til søndag
  • natt til helgedagar i jul og påske
  • natt til 1. mai
  • natt til 17. mai
  • ved større arrangement som fell på ordinære kvardagar

Kvar gjeld ordninga?

Reisa må:

  • starte i Ørsta kommune
  • avsluttast i Ørsta kommune
  • gå til ei privatadresse

Tilbodet kan nyttast både frå private adresser og frå offentlege arrangement.

Bidreg til tryggare heimreise

Med ordninga ønskjer kommunen å gje ungdom eit trygt og rimeleg transporttilbod når buss eller andre transporttilbod ikkje passar. Satsinga skal bidra til at fleire kjem seg trygt heim etter aktivitetar, samlingar og arrangement.

Meir informasjon om oppstartsdato kjem så snart som råd.