Trygg bruk av elsparkesykkel
Unsplash
Før sommarferien tek til, oppmodar Politiet, Statens vegvesen og Trygg Trafikk alle foreldre og føresette til å sjekke at barna brukar elsparkesykkel på ein trygg og lovleg måte.
Enkle tiltak kan vere med på å førebyggje alvorlege ulykker.
Politiet, Statens vegvesen og Trygg Trafikk ser ein stor auke i alvorlege ulykker og er sterkt bekymra for at det vil bli fleire ulykker i sommar når barn og unge har fri frå skulen.
Foreldre og føresette har hovudansvaret for barna i trafikken og vi ber de derfor gjere følgande no:
- Snakk med barna om trygg bruk av elsparkesykkel og trafikkreglane
- Sikre at køyretøyet er lovleg (fart og effekt)
- Sørg for at køyretøyet er forsikra
- Pass på at barnet har hjelm som passar og at denne blir brukt
Du finn rettleiing til korleis du kan gjere dette på Trygg Trafikk sine sider.
Publisert 16.06.2026 15:21