Treng barnet ditt barnehageplass barnehageåret 2026–2027?

Treng barnet ditt barnehageplass barnehageåret 2026–2027?

Bilde av eit barnehagebarn som sit å tegner med fargestifter. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Unsplash

Då må du søke før 1. mars 2026.

Ørsta kommune har samordna opptak til seks kommunale og tre private barnehagar med felles søknad og søknadsfrist. 

Nye søkjarar 

Foreldre som skal søke barnehageplass til barn som ikkje har plass frå før, må søke her: ​​​​Søknad om plass. 

Når plass er tildelt, kan de gjere endringar i Vigilo foreldreportal.

Endre plass/seie opp plass/overflytting 

Vil du endre størrelsen på plass, seie opp plass eller bytte/flytte over til annen barnehage? Då loggar du inn på Vigilo foreldreportal, og sender «Ny søknad». 

Slik sender du søknad i VIGIO foreldreportal (ikkje appen, bruk nettversjonen): Vel rett barn (om du har fleire) trykk på Meny/Siste nytt -> «Søknader» -> «Ny søknad». Vel mellom «Barnehageplass», «Endre opphaldstid i barnehage», «Oppsigelse barnehage». Fyll ut skjema og send inn.

Frist

Hovudopptak barnehage: 1. mars 2026
Vi ber om at du les informasjon om barnehageplass før du sender inn søknad.

Nå kan eg forvente svar?

Det blir opptaksmøte 3. mars, og tilbod om plass blir sendt ut fortløpande.

Velkomen som søkjar til kommunale og private barnehagar i Ørsta!