Totalforbod mot levande lys i kommunale bygg - Ørsta kommune

Totalforbod mot levande lys i kommunale bygg

Totalforbod mot levande lys i kommunale bygg

Illustrasjonsfoto. Adobe stock

For å styrkje branntryggleiken er det frå og med i dag, 24. mars 2026, innført totalforbod mot levande lys i alle kommunale bygg.

Forbodet gjeld alle bygg som kommunen eig eller driv, til dømes skular, møteplassar, institusjonar, osv.

Tiltaket er sett i verk for å redusere risikoen for brann og for å ivareta tryggleiken til innbyggjarar, tilsette og besøkande.

Vi oppmodar alle om å bruke trygge, elektriske alternativ, som LED-lys, dersom ein ønskjer å skape hygge eller markere høgtider og arrangement.

 

Takk for at du bidreg til ein tryggare kvardag for alle!